Samanslåing av eigedommar
Fleire eigedommar som ligg i same kommune og har same heimelshavar, kan krevjast slått saman til ein eigedom, jf. matrikkellovas § 18. Som hovudregel krevst det at eigedommane grensar til kvarandre.
Samanslåing kan ikkje gjennomførast viss den vil føre til prioritetskollisjon mellom panthavarar. Ved samanslåing utvidast panterett til heile den samanslåtte eigedom eller festerett.
Kven kan søkje?
Samanslåing kan krevjast av den som har grunnboksheimel ved at heimelshavar(ane) skriv under på skjemaet, "Krav om samanslåing".
Saksgang
Kommunen kontrollerar at vilkåra for samanslåing er til stade, og kravet videresendast til tinglysing. Finn tinglysingsetaten at vilkåra framfor er oppfylt, merkast samanslåinga i grunnboka. Rekvirenten og kommunen varslast om utfallet. Panthavarar som frå før av ikkje er gjort kjent med saka, skal varslast om samanslåinga og den nye eigedommens nemning.
På same måte kan fleire festerettar slåast saman dersom dei ligg på same grunneigedom. Samanslåing av festerettar kan krevjast av heimelshavar eller festar, som sender kopi av kravet til andre heimelshavarar som får ein frist på 2 veker til å uttale seg. Alternativt kan både festar og heimelshavar skrive under "krav om samanslåing". Samanslåing av festerettar kan berre skje dersom festekontraktane for grunnstykka er likelydande og festerettane ligg på same eigedom.
For samanslåing av eigarseksjonar visast til info om seksjonering og reseksjonering.
Gebyr
Samanslåing av eigedommar er gebyrfritt.