Grensepåvisning

sognekom.no

 

Grensepåvising

Klarlegging av eksisterande grense vert utført over både sikre og usikre grenser. Nemninga "sikre grenser" brukast der grensa er koordinatbestemt i tidlegare oppmålingsforretning.

 

Kven kan rekvirere?

Klarlegging av eksisterande grenser kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfellene der det er eit firma som er eigar av eigedommen, vert det forlanga vedlagt firmaattest av nyare dato.

 

Rekvisisjonen skal innehalde

Ved rekvisisjon av grensepåvisning kan dette skjemaet nyttast. Det må leggjast ved eit kartutsnitt der det er markert kva grensepunkt som skal påvisast. Kart over eigedommen kan du hente her.

 

Saksgang

Etter at kommunen har motteke rekvisisjonen, vert aktuelle partar innkalla til oppmålingsforretning kor ein vil avklare/påvise aktuelle grensepunkt. Kommunen vil vere avhengig av at partane vert einige om grensa for å kunne merke og matrikkelføre grensepåvisninga. Om partane ikkje vert einige vert omtvista grense ført i matrikkelen og partane oppmoda om å bringe saka inn for jordskifteretten.

 

Matrikkelbrev

For klarlegging av tidligare usikre grenser, skriv kommunen ut eit matrikkelbrev for eigedommen etter oppmålingsforretninga. For klarlegging av sikre grenser; der nye koordinatar ikkje vikjer frå tidligare koordinatar med meir enn 10 cm, vert det ikkje sendt ut nytt matrikkelbrev. Her er det tilstrekkeleg med ein underretning til partane om at forretninga er gjennomført.

Det vert vist til matrikkelforskriftens § 36, klarlegging av eksisterande grense.

 

Gebyr

Sjå kommunen sitt gebyrregulativ