Festetomt

sognekom.no

 

Festetomt

Ei festetomt er ein del av ein eigedom der det føreligg eit leigeforhold mellom grunneigar og ein festar/leigetakar. Leigeforholdet er fastlagt i ein festekontrakt som vert sikra rettsvern ved tinglysning.

Før del av grunneigedom kan festast vekk for meir enn 10 år, skal arealet vere matrikkelført som eigen matrikkeleining, enten som festegrunn eller ved at arealet vert skilt ut som eigen grunneigedom. Med festegrunn meinast også punktfeste, som kan vere føremålsteneleg for enkeltståande mindre konstruksjonar der leigeforholdet berre gjeld det bebygde arealet. Grunn som festast eller leigast for 10 år eller kortare, kan ikkje matrikulerast, jf. matrikkellovens § 12.

Enkelte leige- eller festeforhold som varar lenger enn 10 år kan unntakast frå kravet om matrikulering. Anlegget eller tiltaket må då anten vere mindre enn 4 m² bebygd areal eller så må det uten ulempe for festar eller bortfestar kunne flyttast til ein annan stad på matrikkeleininga.

Før ny festegrunn kan opprettast i matrikkelen må det vere gitt løyve etter plan- og bygningslova § 20-1. For landbruksområde må det i tillegg gjevast løyve med heimel i jordlova.