Arealoverføring

sognekom.no

 

Arealoverføring

Arealoverføring

Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to matrikkeleiningar(eigedommar) enn kva som er mogleg i form av grensejustering. Eigedommane skal utgjere eit samanhengande areal eller volum med det overførte arealet eller volumet. Arealoverføring er søknadspliktig etter plan- og bygningslova.

Arealoverføring kan ikkje omfatte punktfeste eller areal som ligg som uteareal til ein eigarseksjon. Slike saker må eventuelt løysast med reseksjonering før arealoverføring.

 

Kven kan søkje?

Søknaden må vere underskriven av samtlege av dei som har grunnboksheimel til dei aktuelle matrikkeleiningane, dvs. dei som står som eigarar av grunneigedommen. Firmaattest av nyare dato må leggjast ved søknaden i dei tilfeller der heimelshavar er eit firma.

 

Søknad om arealoverføring skal innehalde:

1.Søknad om deling/rekvisisjon av oppmålingsforretning. Søknaden må underskrivast av samtlege heimelshavarar.

2.Situasjonskart; her skal det framgå korleis ein ynskjer å arealoverføre.

3.Kvittering for send nabovarsel

 

Saksgang og vilkår

Vedtak om arealoverføring vert fatta med heimel i plan- og bygningslova, men eit eventuelt løyve må gjevast på bakgrunn av at vilkår i matrikkelforskrifta § 33 blir ivaretekne:

- Det må foreliggje erklæring frå pantehavar om pantefråfall.

- Erklæring om arealoverføring mellom registrerte eigarar og festara.

- Kjøpesum og verdi må gå fram av erklæringa for beregning av dokumentavgift.

- Ved arealoverføring av landbruksjord, må samtykke etter jordlova § 12 foreliggje.

- Konsesjon eller eigenerklæring om konsesjonsfrihet.

- Vilkår for samanslåing av eigedommar må vere til stades.

Er det behov for store transaksjonar og oppretting av dokument, kan ein tilrå at partane let seg bistå av ein eigedomsmeklar, advokat eller liknande.

Når løyve er gitt og eventuelle vilkår for løyve er oppfylt, vert det avholdt ein oppmålingsforretning der dei nye grensene påvisast og merkast.

Arealoverføringa registrerast deretter i matrikkelen og sendast til tinglysing. Dersom avgiftsmyndigheitene ikkje godtek kjøpesummen som grunnlag for dokumentavgifta eller det viser seg at arealoverføringa fører til prioritetskollisjon i heftingar, vil arealoverføringa ikkje bli tinglyst, men tilbaksendt til kommunen og partane for retting.

Kommunen sender ut matrikkelbrev til rekvirentane når arealoverføringa er tinglyst.

 

Gebyr

Sjå kommunen sine gebyrregulativ for arealoverføring.