Protokoll

sognekom.no

 

Protokoll frå oppmålingsforretning

Når det blir halde ei oppmålingsforretning etter matrikkellova § 33 skal styraren føre ein protokoll over kva som er gjort. Protokoll skal i hovudtrekk innehalde: opplysningar om kva dokument som er lagt fram og som skildrar aktuelle grenser og rettsforhold, utgreiing av grenser/grensepunkt og grensemerker, eventuelle inngåtte forlik, valdgift og spesielle partspåstandar.

Protokollen skal innehalde eit kart med påteikning som tydeleg viser kvar grenser og grensemerker ligg i forhold til kvarandre og tilstøytande matrikkeleiningar.