Konsesjonsfridom

sognekom.no

 

Konsesjonsfridom ved ervev av fast eigedom

Konsesjonslova av 28. november 2003 nr. 98 bestemm at alle erverv av fast eigedom, herunder bl.a. erverv ved arv, gåve, kjøp og stiftelse av bruksrett for lengre tid enn 10 år, er undergitt konsesjonsplikt med mindre det er gjort unntak i lova eller føresegner fastsett i medhald av lova. Som erverv reknast også erverv av delar eller partar i ein eigedom. Konsesjon må søkjast på fastsett skjema LDIR- 0359. Eit konsesjonspliktig erverv kan ikkje tinglysast med mindre konsesjon er gitt.

 

Når eigenerklæring ikkje er nødvendig?

Ein del erverv kan skje utan at det oppstår konsesjonsplikt og utan at eigenerklæring er naudsynt, jf. forskrift av 8. desember 2003.

Dei mest praktiske tilfella er:

•Erverv av utbygd eigedom såframt frådelinga av eigedommen er tinglyst i 1930 eller seinare, og arealet ikkje overstig 2 dekar med mindre konsesjonsplikta følgjer av føresegn etter konsesjonslova § 7.

•Erverv av sameigepart i utbygd eigedom som i stadfesta reguleringsplan er lagt ut til anna enn landbruksområde når ervervaren er sameiger i eigedommen frå før.

•Erverv av areal i rasjonaliseringsføremål overeins stemmande med jordlova ved overdraging frå fylkeslandbruksstyret.

•Erverv av eigedomsleilegheit, aksjeleilegheit, obligasjonsleilegheit, part i bustadbyggelag og burettslag og ved burettslags erverv av fast eigedom frå bustadbyggelag.

•Erverv av mindre areal som grensar til og skal leggast til ein allereie eksisterande utbygd eller ubebygd tomt, når samtykke til fradeling av arealet er gitt til dette formål etter plan- og bygningslova og etter jordlova i område der jordlova gjeld.

 

Lenker

SLF-356 Eigenerklæring om konsesjonsfrileik i kommunar med nedsett konsesjonsgrense [pdf]

•SLF-360 Eigenerklæring om konsesjonsfrileik ved erverv av fast eigedom mv.

•Rundskriv frå Landbruksdepartementet