Klage

sognekom.no

 

Klage

Kor tid kan eg klage på eit vedtak ?

Einskildvedtak etter plan- og bygningslova §1-9 og matrikkellova § 46 kan påklagast i samsvar med forvaltningslova § 28. Fristen for å klage er 3 veker frå det tidspunkt meldinga om vedtaket regnast å ha kome fram til Dykk. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan fristen har gått ut. Klagen skal sendast til kommunen. Det kan ikkje klagast på forhold som er avgjort i bindande reguleringsplan eller ved dispensasjon.

 

Formkrav til klagen

Klagen må vere undertegna og angi det vedtaket det vert klaga på, og dei endringar ein ynskjer i vedtaket. Klagen bør vere begrunna og innehalde alle opplysninger som har betydning for vurderinga av klagen.

 

Kan tiltaket igangsetjast sjølv om det er innsendt klage?

Sjølv om det er innsendt klage, kan omsøkt tiltak vanlegvis setjast i gang. Dersom du meinar at tiltaket må vente til klagen er avgjort, kan du i klagen be om "oppsettande virkning" av vedtaket. Kommunen avgjer om oppsettande virkning skal gjevast.

 

Kan eg få dekka kostnad ved klage?

Vurderar du å klage, kan du søke om å få dekka utgifter til advokatbistand etter reglane for fritt rettsråd. For fritt rettsråd gjeld inntekts- og formuegrenser. Fritt rettsråd vert gjeve av praktiserande advokatar som også kan orientere om ordninga.

Fører klagen fram, kan du kreve at nødvendige omkostningar ved klagen blir dekka i samsvar med forvaltningslova § 36. Også ellers kan det krevjast dekning for vesentlege kostnader som har vore nødvendige for å ivareta dine interesser i klagesaka, dersom ein finn dette rimeleg.

 

Har eg rett til å sjå dokument i saka og krevje rettleiing?

Med dei avgrensingar som føl av forvaltningslova §§ 18 og 19 har du rett til å sjå dokumenta i di sak. Du må i tilfelle kontakte kommunen og få nærare rettleiing om klagerett samt sakshandsamingsreglar og andre reglar av konkret verdi for dine rettar og plikter innanfor vårt saksområde.