Dispensasjon

sognekom.no

 

Dispensasjon

Dispensasjon er eit særskilt løyve gitt på bakgrunn av ein skriftleg søknad om varig eller midlertidig å kunne fråvike frå avgjerder i plan- og bygningslova, tilhøyrande forskrift eller vedtekt, reguleringsplanar og -avgjerder.

 

 

Korleis søkje om dispensasjon?

Når tiltakshavar/søkjar ynskjer å gjennomføre eit tiltak i strid med plan- og bygningslova/planar, må han søkje om dispensasjon. Søknad med grunngjeving skal skrivast på eige ark og leggjast ved saka. Det må i tillegg merkast på nabovarselet og kvittering for sendt nabovarsel at det vert søkt om dispensasjon.

 

 

Når kan ein gi dispensasjon?

I samsvar med plan og bygningslova § 19-1 kan ein søkje om dispensasjon. Ein søknad om dispensasjon skal vere grunngjeven og fylgjande kriteriar må vere ivaretekne for at dispensasjon skal kunne gjevast:

•omsyna som ligg til grunn for avgjerda det dispenserast frå, eller omsynet i lova si formålsavgjerd, må ikkje bli vesentleg tilsidesett

•fordelane med tiltaket må etter ein samla vurdering vere klart større enn ulempene med tiltaket.

 

 

Kan eg få mellombels dispensasjon?

Mellombels dispensasjon kan gjevast tidsbestemt eller for ubestemt tid. Dette tyder at søkjaren ved dispensasjonstida sitt utløp anten må fjerne eller endre det utførte utan kostnad for kommunen. Dispensasjonen kan gjerast betinga av ein erklæring der også eigar (festar) for sin del aksepterar slike forpliktingar. Erklæringa kan krevjast tinglyst. Den er bindande for panthavarar og andre rettshavarar i eigedommen utan omsyn til når retten er stifta og utan omsyn til om erklæringa er tinglyst.