Adressering

sognekom.no

 

Adressering, tildeling og endring av gateadresser

Adresse er ei stadsadresse som skal gjere det lettare for publikum, ambulanse, brannvesen, drosjar osv. å finne fram til den aktuelle bygningen/inngangen til bustaden. Alle henvendingar om tildeling og endring av husnummer, vegnamn og vegnamnskilt rettast til kommunen.

Adresser skal tildelast bygningar som vert brukt til bustad-, fritids-, nærings- eller offentleg føremål, men kan også tildelast anna verksemd og ubebygde eigedommar. Kommunen tildelar/endrar adresse når adkomstvegar vert endra, frådeling av nye tomter og eller oppføring av nye bygg, ved oppgradering frå matrikkeladresse(gnr/bnr) til offisiell adresse (vegnamn, nr.), eller når det er vanskeleg å finne fram til ei adresse.

 

Vegnamn

Kommunen fattar vedtak om nye vegnamn eller endring av eksisterande vegnamn etter lov om stadnamn.

Før vegnamn vert vedtekne, skal behovet vurderast og vedkjem partar skal varslast. Eventuelle merknader vurderast saman med uttale frå bl.a. historielag og velforeingar. Forut for innstillingen skal forslag til val av vegnamn og skrivemåte til handsaming hjå namnekonsulenttenesta.

Vedtak om nytt eller endra vegnamn kan ikkje påklagast.

Vegnamnskilt vert påkosta av kommunen som også set opp skilta.

 

Adresse

Kommunen fattar vedtak om tildeling og endring av offisiell adresse etter matrikkelloven § 21.

Ein eigedom eller bygning skal tildelast adresse til vegen/gata han har tilkomst til. I bygningar med fleire leilegheiter/lokale der desse har tilkomst frå ulike ytre inngangar/oppgangar, skal kvar enkelt inngang/oppgang tildelast eiga adresse.

Bokstav i tillegg til husnummeret brukast normalt for å unngå omnummerering i tidlegare tildelte adresser. Les meir om adressenummer i matrikkelforskriften § 52.

Gardsnamn og særleg kjente institusjonar eller bygningar kan nytte bruksnamnet/institusjonen sitt namn som eit adressetilleggsnamn.

Før kommunen tildelar eller endrar adresse skal berørte partar ha fått anledning til å uttale seg. Eigar har klagerett på vedtaket om tildeling/ omadressering etter matrikkelforskriften § 22. Eigar kan påleggast å setje opp og bekoste nummerskilt i samsvar med reglar fastsett av kommunestyret. Husnummerskilt kan kjøpast i ein byggje- eller jernvarebutikk.

 

Bustadnummer

I fleirbustadbygg med samme ytre inngang/oppgang, eksempelvis i ei blokk, skal leilegheitane i tillegg til vegadressa også tildelast eit bustadnummer (brukseinheitsnummer).

Bustadnummeret skal bestå av ein bokstav og fire siffer og skal gi ei eintydig identifisering av leilegheita si beliggenheit. Eksempel H0101 som tyder fyrste leilegheit til venstre når ein kjem inn i bygningen i 1. etasje. H0102 er andre leilegheit frå venstre i 1. etasje. H0201 er fyrste leilegheit til venstre i 2. etasje.

For bestilling av adresseklistremerker eller spørsmål knytt til ditt bustadnummer, ta kontakt med din kommune.